PortAudio
PortAudio er eit multiplatform open kjeldekode lydhandsamingsbliotek for opptak og avspeling av digital audio. Biblioteket abstarkterer operativsystemspesifikke audio subsystem, slika at det vert muleg å skriva kode som er postabel mellom fleire operativsystem. Det har støtte for ALSA, Core Audio, ASIO, DirectSound, MME og WASAPI. PortAudio er skrive i C [2], men det finst òg versjonar skrivne i PureBasic and Lazarus/Free Pascal. PortAudio realiserer to I/O-metodar: 1) attendekall og 2) blokkerande eller ikkje-blokkerande synkron skrive- og lesefunksjonar. PortAudio er ein del av PortMusicprosjektet, som tek sikte på å utvikla operativsystemuavhengige bibliotek for musikkprogramvare. Audacity, til dømes, nyttar PortAudio. Det same gjer Windows-versjonen av JACK. Referansar
|