Poprad (tyskDeutschendorf) er ein by nord i Slovakia ved foten av Høge Tatrafjella. Han er den største byen i regionen Spiš og den tiande største i heile Slovakia. Han har om lag 50 000 innbyggjarar.
Byen har eit historisk sentrum og ved byen ligg den internasjonale Poprad-Tatry lufthamn. Byen er òg første stasjon på Tatranská elektrická železnica-jernbanen.
Historie
Historisk var området opphavleg busett av slavarar, men tyskarar koloniserte området på 1200-talet, og Poprad vart i hovudsak ein tysk by. Frå 1412 til 1770 vart byen og Szepes fylkepantelånt til Polen, og Polen var delvis ansvarleg for utviklinga der.
Poprad vart første gong nemnd i skriftlege kjelder frå 1256, og i 690 år, fram til 1946 var han berre ein av fleire nabobyar som i dag utgjer den moderne byen. Dei andre delane av byen er Matejovce, Spišská Sobota, Veľká og Stráže pod Tatrami.