Pietro Berettini var frå byen Cortona i Toscana, noko som etterkvart skulle vise att i namnet han vart omtalt med. Han gjekk fyrst i lære hos den florentinske målaren Andrea Commodi og arbeidde så frå 1613 hos Baccio Ciarpi i Roma. I Roma vart han kjend med verk av Rafael og beundra denne målaren, dessutan vart han ein beundrar av antikk målarkunst. I 1620 fekk Pietro eit oppdrag til Barberini-familien av mesenen sin, greven Marcello Sacchetti. Frå då av var paven Urban VIII oppdragsgjevaren hans. Tida 1633-39 måla Pietro det allegoriske takmåleriet Det guddomlege forsynets triumf i hovudsalen i Palazzo Barberini på Quirinalen i Roma.
Pietro, som mellom 1634 og -38 var styreleiar for det romerske kunstakademiet 'Accademia di San Luca', hadde stor makt over kunstlivet i Roma. Med sine livaktige freskomåleri, overfløymde av lys, vert han rekna som ein innovatør i utviklinga av takmåleriet under høgbarokken. Han er mest kjend for sine freskar, der han konkurrerte med mellom andre Andrea Sacchi.
Han er minst like kjend for sin arkitektur. I samtida var han mykje etterspurd, sjølv om han i dag ikkje får like mykje merksemd som Caravaggio, Bernini og Borromini. I eigenskap av arkitekt laga Pietro fleire kyrkjeprosjekt som vart stilskapande. Eit av hans viktigaste arkitektoniske verk er Santi Luca e Martina-kyrkja i Roma. Arbeidet med kyrkja, som står ved Forum Romanum, tok til i 1634 og vart fullført i 1664. Andre arkitektoniske verk som er verd å merke er fasaden til Santa Maria della Pace (1656-67), samt fasaden med den uvanlege loggiaen til Santa Maria i Via Lata.