Peter Opsvik
Peter Opsvik (25. mars 1939–30. september 2024) var ein norsk industridesigner og jazzsaksofonist.[1][2] Særleg kjend var han som formgjevar av Tripp trapp-stolen.[3] BakgrunnPeter Opsvik vart fødd i 1939 på Stranda.[4][5] Onkelen Jon Ringstad etablerte møbelfabrikken Stranda Industri A/S der faren Nils etter kvart vart medeigar, og Opsvik fatta tidleg interesse for design. Han vart utdanna ved Bergen kunsthåndverkskole (1959–63) og Statens håndverks- og kunstindustriskole (1963–64), og var innom Volkvangschule für Gestaltung i Essen på stipend frå Norsk designråd. DesignHans første jobb som formgjevar var i Tandbergs Radiofabrikk, der han teikna bærbare radioar som modellen PT3-3 (1965–70).[6] Rundt same tida byrja han også å arbeide frilans, og designa stolar både for familiens møbelfabrikk (deriblant Ungdomsstolen, 1968) og Stokke AS (stolane Oase og Inka, 1967). I 1970 starta han sitt eiget designfirma med stolen Mini max, som kan reknast som ein forløpar til hans mest kjente verk, barnestolen Tripp trapp (1972). Ideen til denne oppstod då han vart far og nytta telefonkatalogar til å tilpasse sitjehøgda på stolar sonen Tor kunne sitje på. Til trass for tidleg skepsis tok salet av då stolen vart vist i NRK fjernsyn, og frå 1972 til 1973 auka salet frå 3 til 10 000.[6] I dag er Tripp Trapp er den mest selde stolen produsert i Noreg, med fleire millionar sal verda over.[2] Sentralt for arbeidet til Opsvik er studier av ergonomi og ulike sitjestillingar for det same møbelet, og i boka Rethinking Sitting (2008) oppsummerar han sitt mantra som «den beste stillinga er den neste». «Balans®»-stolene Variable (1979), Gravity (1983) og Thatsit (1991) produsert av Stokke i samarbeid med Hans Christian Mengshoel. Kontorstolen Credo og Capisco vart produsert av HÅG, som Opsvik også har gjort andre design for. Den spiralfjæra Flysit (1990), gyngestolen Actutulum (1995) og hengestolen Swing, inspirert av indiansk kunst fra Mexico (1999) er andre kjende namn. I tillegg til møblar har Opsvik også designa den solkraft-drevne bilen Butterfly og ulike lydskulpturar.[2] ![]() MusikkSom klarinettist og saksofonist i Christiania Jazzband og Christiania 12 medverka han på ei rekke festivalar og innspelingar. Christiania Jazzband fekk Spellemannprisen for Årets jazzplate i 1973.[6] FamilieHan er far til musikaren Eivind Opsvik.[7][8] Priser
Bibliografi
Kjelder
Bakgrunnsstoff |