Peter Edvard Vorum
Peter Edvard Vorum (4. oktober 1884–24. april 1970) var ein norsk lærar og stortingspolitikar for Arbeidarpartiet. Vorum vart fødd ved Steinnes i Sparbu som son av gardbrukar Christoffer Olsen Vorum (1843–1915) og Karoline Elvine Ertsaas (1855–1890). Han gjekk på Ogndal folkehøgskule frå 1901 til 1902 og vart uteksaminert ved Levanger lærarskule i 1905. Etter dette var han tilsett som lærer ved Falstad skuleheim og ein skule i Egge i 1905, og sidan ved ein skule i Andenes frå 1906 til 1909. Frå 1910 var han tilsett ved ein skule i Ytre Rendal, og vart vald som ordførar ved Ytre Rendal heradstyre gjennom sju periodar frå 1913 til 1934. I 1929 vart han tilsett som fylkesrevisor for Hedmark i 1929, og i perioden 1931 til 1933 var han formann i fylkestinget. Vorum vart vald inn på Stortinget som 5. representant etter valet i 1933 frå valkretsen Hedmark fylke, der han fungerte som medlem av kyrkje- og skulekomiteen. Han vart attvald ved valet i 1936, og var òg då medlem av kyrkje- og skulekomiteen. Under okkupasjonen av Noreg melde han seg inn i Nasjonal Samling og vart rådmann for Åmot i perioden 1941 til 1945, og dessutan skuledirektør frå 1944. Vorum vart den einaste frå Den parlamentariske gruppa til Arbeidarpartiet frå 1936 som melde seg inn i partiet.[1] Under landssvikoppgjeret vart han sikta for forræderi og i september 1948 vart han dømd til fem års tvangsarbeid og dessutan tap av lærarstillinga. Vorum døydde i april 1970 i ein alder av 85 år.[2] Stortingskomitear
Referansar
|