Per Mathis Oskal (fødd 2. juli1958) er ein norsk, samisk politikar frå Sørreisa. I 2013 vart han vald inn som sametingsrepresentant for Arbeiderpartiet (Ap) i Ávjovárri valkrins. I 2017 vart han vald som fyrste vara, men gjekk inn som fast representant frå 5. mars 2020, då Bjørn Inge Mo tok permisjon.[1] I perioden 2021–2025 er han att fast representant frå Gáisi valkrins og sit i plan- og finanskomiteen.