Lars Filip Paulsen (fødd 8. august1979) er ein norsk samisk politikar frå Tysfjord som sat på Sametinget for Høgre frå 2013 til 2021. Han vart vald frå Vesthavet valkrins og sat i plan- og finanskomitéen, og i valkomitéen. Frå 2016 til 2017 var han visepresident på Sametinget.[1]
Paulsen har studert lulesamisk og framandspråksmetodikk.[1]