Paul McCarthy
Paul McCarthy (fødd 4. august 1945 i Salt Lake City i Utah) er en USA-amerikansk kunstnar som har budd og verka i Los Angeles sidan 1970-talet. Han lagar videokunst, fotografi, scenografi og skulpturar, som kan vera både statiske og mekaniske, og blandar ofte dei ulike media. Verka til McCarthy er ofte provoserande og kontroversielle. Han kan nytta sin eigen kropp, groteske kostymer, overdriven bruk av mat og væsker, bilde av sex, vald og overgrep blanda med popkulturelle och kunsthistoriske referansar.[1] BakgrunnMcCarthy blei fødd inn i ein liberal mormonarfamilie Salt Lake City i Utah.[1] Han studerte kunst først ved Weber State University i Ogden og seinare ved University of Utah fram til 1969. Deretter blei han student ved San Francisco Art Institute, der han fekk graden Bachelor of Fine Arts innan måling. I 1972 studerte han film, video og kunst ved University of Southern California, der han fekk graden Master of Fine Arts. Frå 1982 til 2002 underviste han i performance, video, installasjonar og historia til performancekunst ved University of California i Los Angeles. Verk![]() ![]() McCarthy sine verk omfattar performancekunst, installasjonar, film og «måling som handling».[a] Verka hans tek på den eine sida utgangspunkt i typisk amerikanske uttrykk, som Disneyland, B-filmar, såpeopera og teikneseriar, med kritiske analysar av massemedia og det konsument-drivne amerikanske samfunnet med sitt hykleri, dobbeltmoral og fortrenging. På den andresida er den kunstnariske forma til verka hans påverka av europeisk avant-gardekunst, wienaksjonisme og idear frå Joseph Beuys, Sigmund Freud og Samuel Beckett.[2] Sjølv om McCarthy har medgjeve at han kjende til wienaksjonistane på 1970-talet, dreg han eit klart skilje mellom deira kunst og si eiga:
McCarthy har lenge vekt merksemd innan kunstnarsirklar, men var fram til byrjinga av 2000-talet lite kjend utanfor Vestkysten i USA. Kunsten hans selde dårleg, og McCarthy livnærte seg med strøjobbar innan bygningsarbeid og fotografi.[1] Etterkvart fekk han større ry, og enkeltskulpturar av han er blitt selde for over ein million dollar.[4] I verk frå slutten av 1960-talet kan ein sjå likskaper med verka til Allan Kaprow, grunnleggjaren av Happenings og ein langvarig samarbeidspartnar. Verk som Mountain Bowling (1969) og Hold an Apple in Your Armpit (1970) nytter daglegdagse objekt og handlingar til å laga eit kunstverk.[5] I tidlege biletkunstverk prøvde McCarthy å bryta grensene for måling gjennom å bruka sin eigen kropp som målarkost eller tilmed som lerret. Seinare brukte han kroppsvæsker eller matvarer til å laga verka sine. I ein video frå 1974, Sauce,[6] målar han med hovudet og fjeset sitt ved hjelp av materiale som måling, ketsjup, majones, kjøt og avføring. Dette minner mykje om verka til wienaksjonisten Günter Brus.[7] Etterkvart gjekk han over frå måling til grenseoverskridende performancekunst som var meint å bryta sosiale normer og gå opp mot dei kjenslemessige grensene til både kunstnar og tilskodar. Eit døme på dette er Class Fool frå 1976, der McCarthy kasta seg sjølv rundt i eit klasserom University of California i San Diego som var flekka med ketsjup heilt til han var forslådd og omtåka. Etter å ha kast opp fleire gonger førte han ei barbiedokke opp i rektum.[5] Performance-stykket tok slutt då tilskodarane ikkje orka å sjå meir.[5] Etterpå brukte studentane Virginia Maksymowicz og Blaise Tobia, saman med kunsthistorikaren Moira Roth, fleire timar på å vaska rommet for å unngå at reinhaldsarbeidarane ved universitetet skulle fåjobben. Ein kan sjå Maksymowicz i eit fotografi som dokumenterte hendinga.[8] I verk frå 1990-åra, som Painter (1995), prøver McCarthy ofte å underminera ideen om «artistisk stordom» og går til åtak mot oppfattinga av den heroiske mannlege kunstnaren.[5] I 1992 førte ein fascinasjon medJohanna Spyri sin roman Heidi til ein video og installasjon kalla Heidi: Midlife Crisis Trauma Center and Negative Media-Engram Abreaction Release Zone, som han samarbeidde om med Mike Kelley.[9] Caribbean Pirates (2001–05) speler på filmserien Pirates of the Caribbean og attraksjonen med same namn i Disneyland som filmane bygde på.[9] Sommaren 2008 skapte det oppblåsbare verket hans Complex Shit, som vart installert ved Paul Klee-senteret i Bern i Sveits, oppstyr då det blei teke av vinden og øydela ei kraftlinje, eit drivhusvindauge og vindauget ved ein barneheim.[10] Hendinga blei rapportert internasjonalt.[11][12] Paul McCarthy har skapt fleire juleinspirerte verk, der han sameiner inntrykka sine av den dårlege jule-estetikken med den eigentlege meininga bak jula.[13] I 2001 laga han skulpturen Santa Claus for den nederlandske byen Rotterdam. Opphavleg var skulpturen meint å plasserast ved sidan av konserthuset på den sentrale plassen Schouwburgplein, men det blei aldri slik. Dette var på grunn av kontroversar kring statuen. Mange innbyggjarar såg seksuelle konnotasjonar i verket, som fekk kallenamnet Kabouter Buttplug eller 'analplugg-nissen'.[14] Etter å ha blitt forkasta frå den opphavleg tiltenkte plasseringar av lokale innbyggjarar og verksemder blei han til slutt sett opp på Eendrachtsplein den 28. november 2008, saman med fleire andre statuar.[15][4] I november 2009 heldt McCarthy ei utstilling han kalla White Snow ved Hauser & Wirth New York inspirert av Snow White frå disneyfilmen Snow White and the Seven Dwarfs. Eit utvida Snowwhite-prosjekt, WS, blei stilt ut ved Park Avenue Armory i New York i juni 2013. I denne blandinga av film og skulptur spelte McCarthy «Walt Paul», ei blanding av Walt Disney og seg sjølv, saman med meir nakne og perverse utgåver av Snøkvit og dei sju dvergane, på eit sett som inkluderte ein jukseskog og ei gjenskaping av barndomsheimen hans.[4] I fleire av dei store prosjekta sine, som WS og Rebel Dabble Babble, har McCarthy samarbeidd med sonen sin Damon McCarthy.[4] I oktober 2014 avduka McCarthy intstallasjonen Tree på Place Vendôme i Paris. Den 24 meter høge grøne oppblåsbare skulpturen kunne minna om eit stilisert juletre eller ein analplugg. Igjen blei ein McCarthy-skulptur kontroversiell blant dei lokale innbyggjarane.[16] McCarthy blei fysisk angripen av ein mann under installeringa. To dagar seinare var lufta sleppt ut av skulpturen av ein ukjend person, og McCarthy sa at han ikkje ønske skulpturen reparert eller erstatta. Han sa at ideen til skulpturen byrja som ein spøk etter at han hadde lagt merke til likskapen mellom dei modernistiske skulpturane til rumeneran Constantin Brancusi, analpluggar og forma til juletre, men rekna sjølv verket meir som ein abstraksjon.[17][18] UtstillingarMuseum of Contemporary Art i Los Angeles stelde til ei retrospektiv utstilling av McCarthy i 2000 som seinare blei vist ved New Museum of Contemporary Art i New York i 2001.[5] Moderna Museet i Stockholm heldt ei stor retrospektiv utstilling av McCarthy i 2006. Verk av han McCarthy er representert ved museet.[19] Merknadar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|