Pastazaprovinsen (spanskProvincia del Pastaza) er ein av 22 provinsar i Ecuador. Han ligg sør i Oriente, den austre delen av Ecuador som òg er ein del av Amazonasbassenget i Sør-Amerika. Provinsen har fått namn etter Pastaza, ei sideflod til Amazonaselva. Flatemålet er 29 500 km² og folkesetnaden er på ca. 100 000. Hovudstaden i provinsen er Puyo. Naturen i provinsen er kjend for stor biodiversitet.