Pastaza (tidlegare Sumatara[1]) er ei stor sideelv til Marañónelva nordvest i Amazonasbekkenet i Sør-Amerika.[2]
Ho drenerer frå høglandet i Ecuador. Ei hovudgrein frå Latacungabassenget i nord sluttar seg til ei anna hovudgrein frå Riobambadalen i sør og tar med seg fleire sideelver mot aust gjennom Pastazadalen ned til Pastazaprovinsen og Amazonas. Der tar ho retning mot søraust, deretter gjennom regnskogen mot sør til ho endar i Marañónelva, som renn eit kort strekk mot aust til også Huallagaelva sluttar seg til Marañónelva mot Iquitos.
Pastaza er ikkje til anna nytte enn for ferdsel med kano. Ho er strid, grunn og full av sandbankar og anna hindringar. Ho er frykteleg i flaum. Vegen mellom Macas og Puyo kryssar elva med ei bru som er open for personbilar.
Galleri
-
Bru over Pastazaelva mellom
Puyo og
Macas.
Foto: André Hübner
-
Pastazaelva nær
Baños.
Foto: Martin Zeise
-
Utsyn over elva.
Kjelder
- ↑ Enock, Charles Reginald (1914) Ecuador: its ancient and modern history, topography and natural resources, industries and social development Charles Scribner's sons, New York, pages 177–178, OCLC 2453173
- ↑ Ziesler, R. and G.D. Ardizzone, G.D. (1979) "Amazon System" Las Aguas Continentales de America Latina / The Inland Waters of Latin America (COPESCAL Technical Paper No. 1) Fisheries and Aquaculture Department, Food and Agriculture Organization of the United Nations (FAO), Rome, ISBN 92-5-000780-9, in English and Spanish
Bakgrunnsstoff