Parforsejakta vart innført til Danmark av Kristian V på slutten av 1600-talet. Inspirasjonen hadde han fått etter ei reise til Frankrike der han hadde vitja Ludvig XIV av Frankrike og delteke i hans parforsejakter.[2] Dette var ei jaktform der jegerar til hest og med hundar forfylgde ein kronhjort til han var utmatta og ikkje lenger i stand til å laupe. Deretter heldt hundane hjorten fast og jaktdeltakaren med høgast byrd drap byttet med eit sverd eller spyd.[2]
Kristian V gjorde fleire av skogsområda på Nord-Sjælland om til parforsejaktlandskap etter fransk mønster.
I områda som vart nytta til parforsejakt er vegane lagde i stjerneform, slik at jegerane kunne stå i vegkryssa og enkelt sjå hundane som jakta på viltet. Det er restar etter slike anlegg i Hareskoven ved Farum, i Geels Skov ved Holte, i Store Dyrehave ved Hillerød og i den sørlege delen av Gribskov.[2]
Det best bevarte anlegget er Eremitagesletta i Jægersborg Dyrehave der Eremitageslottet ligg i det sentrale vegkrysset. Den siste parforejakta på Eremitagesletta fann stad i 1770.