Trykk i pund per kvadrattomme (symbol: lbf/in2) er ei trykkeining basert på avoirdupois-einingar (engelsk målesystem). Eininga vert stort sett berre brukt med den engelske forkortinga av namnet, psi, som står for «Pound-force per square inch». Måleininga vert stort sett brukt som mål for trykket i dekk eller i dykkarflasker.