Osterøy er ein kommune i Vestland fylke, som utgjer mesteparten av øya Osterøy i Nordhordland.
Osterøy er den største innlandsøya i Noreg, og ligg nordaust for Bergen. Heile øya er ikkje ein del av kommunen Osterøy; den nordaustlege delen høyrer til Vaksdal kommune. Øya er på 324 km², medan kommunen er på 254 km². Kring Osterøy er fjordane Osterfjorden i nord og vest, Sørfjorden i sør og Veafjorden i aust. I Vaksdal kommune vart øya knytt til fastlandet i 1985 med Kallestadsundet bru mellom Kallestad på øya og Stamnes på fastlandet. Øya vart på nytt knytt til fastlandet i 1997, då Osterøybrua mellom Kvisti og Herland stod ferdig. Fotballtrenaren Mons Ivar Mjelde, fotballspelaren Erlend Hanstveit og dessutan målmannen Ola Raknes kjem frå Osterøy, og Ole Bull hadde ein landstad på øya.