Stryn kommune vart danna då han vart skild ut frå Innvik kommune i 1843.[1] 1. januar 1964 vart Innvik og Stryn slått saman igjen, no under namnet Stryn kommune, saman med mesteparten av gamle Hornindal kommune, og 1. januar 1965 vart ein liten del av Gloppen kommune overført til den nye storkommunen. 1. januar 1977 vart Hornindal skilt ut att og vart på nytt ein eigen kommune.
Folketalsutvikling
Folketalet i kommunen fekk eit maksimum på 7218 innbyggjarar i 2017. Siste offisielle folketal er
000000000007271.00000000007 271 per 1. januar 2024.
Folketalsutvikling for noverande Stryn kommune frå 1843
aDette talet omfattar ikkje Hoplandsgrenda, som var del av Gloppen kommune fram til 1965, då ho vart overført til Stryn kommune. Området hadde då 42 innbyggjarar.