Det har vore kyrkje i Bruvik sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Bruvik sokn nemnd i kjeldene er frå 1340. Bruvik-kyrkja er òg nemnd i Bergen kalvskinn frå kring 1350. Mellomalderkyrkja var truleg ei stavkyrkje. Ho vart avløyst av ei lafta kyrkje tidleg på 1600-talet.
Denne stod til 1866 då ho vart riven.