Or eller older (Alnus) er ei slekt buskar og tre i bjørkefamilien. Ho omfattar rundt 30 artar. I Noreg veks to ulike typar, gråor (Alnus incana) og svartor (Alnus glutinosa).
Utbreiing
Gråor er den vanlegaste arten i Noreg og veks over heile landet. Svartor veks langs kysten nord til Namdalen, men er ikkje vanleg i innlandet nord for Mjøsa. Felles for begge artane er at dei trivst i fuktig jord, og dei veks difor ofte langs elvar og bekker. Svartor toler dessutan kystklima godt.
Bruk
I tillegg til bruk i treforedlingsindustrien og som brensel, vart gråor sett på som det beste trevirket for knott brukt i bilar under Den andre verdskrigen.