Opptog er ei gruppe folk som følgjer ei rute ved eit særskild høve, til dømes ei feiring, ei høgtid eller anna markering. Meir formelle opptog kan ein kalla paradar eller prosesjonar.
Opptog kan utførast av visse grupper, som barn, militære, medlemmer av laug, fagforeiningar eller andre lag, som kan gå eller marsjera sjølve, ri på dyr eller førast framover av ulike fargreier. Flagg, faner og figurar er vanlege å ha med for å markera høvet. Ved nokre opptog er dekorerte vogner, bilar eller lasteplan ein viktig del. I tillegg til det visuelle har lydar som rop, song, musikk og perkusjon gjerne også ein plass i opptoget.