Oppstryn kyrkje står på Fosnes på sørsida av Oppstrynsvatnet i Stryn kommune i Vestland fylke, og er ei tømra langkyrkje frå 1863.
Kyrkja er, som nabokyrkja Nedstryn kyrkje, teikna av kaptein Ludolph Rolfsen med støtte i typeteikningane til Hans Ditlev Fransiscus Linstow.
Oppstryn kyrkje er soknekyrkje i Oppstryn sokn i Nordfjord prosti. Kyrkja erstatta ei tømra kyrkje frå 1600-talet. Det har truleg vore kyrkje i Oppstryn sidan 1200-talet.