Journey si innspeling av «Open Arms» har blitt skildra som ein av dei beste kjærleikssongane skrivne nokon gong.[3][4]VH1 kåra songen til den beste powerballaden gjennom tidende.[5] Mike DeGagne i AllMusic skildra han som «ein av dei vakraste balladane i rocken», som «skin med ein ærlegdom og kjensle som berre Steve Perry kunne få til.»[6]
Mariah Carey spelte inn sin versjon av songen i lag med Walter Afanasieff som produsent for det femte albume thennar, Daydream. Karrieren til Carey kryssa stiar med Journey fleire gonger. Trommeslagaren i bandet, Steve Smith, spelte trommer på mange av dei tidlege singlane hennar, og bassisten ein kort stund i 1980-åra, Randy Jackson, har arbeidd med Carey i lang tid.
Singelen kom ut som den tredje singelen frå albumet mellom seint i 1995 og tidleg i 1996 i dei fleste marknadane utafor USA. Han nådde fjerdeplassen på singellista i Storbritannia og vart framført live på Top of the Pops på BBC. Han nådde òg topp 10 i Irland og New Zealand, og 15. plassen i Nederland. Musikkvideoen til singelen var regissert av Larry Jordan og er eit konsertopptak av songen av Carey frå Madison Square Garden. Videoen for den spanske versjonen av songen, «El Amor Que Soñé», er òg eit opptak frå same konserten.
I Storbritannia selte singelen 105 000 eksemplar.[21]
R&B-gruppa Boyz II Men spelte inn songen i 2009 for albumet Love.
Daniel Evans framførte songen i finalen i The X Factor i Storbritannia i 2008 og gav han ut på eit album kalla No Easy Way i 2010.
Celine Dion spelte inn ein versjon som kom ut på den japanske utgåva av albumet Loved Me Back to Life i 2013. Han var òg tilgjengeleg på CD-singelen av «Incredible» i 2014.