Dream, After Dream er eit filmmusikkalbum av det amerikanske rockebandetJourney for den japanske fantasifilmenYume, Yume No Ato regissert av motedesigneren Kenzo Takada. Albumet kom ut i desember 1980 på Columbia Records og var det sjuande albumet deira. Filmusikken overskugga sjølve filmen og var eit kraftig steg til sides frå arenarocken bandet hadde spelt på dei tre førre albuma sine. Her gjekk dei attende til dei progressive rockerøtene sine og baserte seg på kompleks, musikalsk dugleik og instrumentalar.
Dream, After Dream har tre spor med vokal av ni spor i alt, «Destiny», «Sand Castles» og «Little Girl». «Little Girl» kom seinare ut som B-side til singelen «Open Arms» og var med på samleplata Time3. Han var òg bonusspor på 2006-utgåva av Departure og 2011-utgåva av Greatest Hits 2. «Destiny» er den lengste songen bandet spelte inn.
Det var det siste albumet med det opphavlege medlemmet Gregg Rolie.
AllMusic skreiv om albumet at det var «eit av dei mest oversedde albuma i katalogen til Journey. Dream, After Dream er eit fint døme på kor undervurderte Journey var som musikarar og kan tilrådast for fans av bandet.»[1]Dave Marsh, som var ein ivrig motstandar av bandet, var enno meir entusiastisk og skildra albumet som «det beste bandet spelte inn i 1980-åra».[2]