Landmark var, saman med arkitektar som Egill Reimers, Frederik Konow Lund, Kristian Bjerknes og Per Grieg ein del av «Bergens-skolen» i mellomkrigstida. Ole Landmark hadde ei lang rad oppdrag for rike bergenske borgarar. Han teikna Forum kino i funksjonalisme med innslag av art deco. Forum Kino vert rekna som det viktigaste verket hans og er eit hovudverk i norsk funksjonalisme. Bygget er i dag ein av få kinoar frå den tida som er teke vare på intakt.
Arbeidsprosjekt
Kalfarveien 48, 1919 for Skipsreiar Westfal-Larsen.
Krohnstadveien 42, 1919 for Torolf hammer.
Fagernes, Hopsneset, 1921 for kjøpmann Edv. Riisøen.
Storhaugen, Paradis i Bergen, 1922 for Statsråd Gerdt Meyer Bruun.
Salhusveien 11, Haugesund, 1923 for skipsreiar Christian Haaland.
Knut Rommetveit; Det signerte huset : Ole Landmarks arkitektur i Bergen og Haugesund, 1914-1924 , Hovudoppgåve i kunsthistorie - Universitetet i Bergen, 2003