Offset Ridge er ein rygg som strekkjer seg vest frå Triton Point som ligg mellom Venusbreen og Neptunbreen aust på Aleksanderøya i Antarktis. Ryggen vart kartlagt av Direktoratet for oversjøiske målingar frå satellittbilete av U.S. National Aeronautics and Space Administration i samarbeid med U.S. Geological Survey. Ryggen er knekt på midten og består i røynda av to ryggar som er forskyvd (offset på engelsk) i forhold til kvarandre. Det skildrande namnet vart gjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC).
Sjå òg
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Offset Ridge» (innhald frå Geographic Names Information System).