Nyrene (lat.ren) er organ i kroppen til virveldyr som filtrerer ut avfallsstoff frå blodet slik at dei kan skiljast ut frå kroppen som urin.
Primatar, som menneske høyrer til, har to nyrer som ligg på kvar side av ryggraden, ved bakre bukvegg. Ei menneskenyre veg rundt 125–150 gram.
Anatomi
Nyrevevet består av to vevslag. Ytst ligg den raudbrune nyreborken (cortex renalis), medan den gulaktige nyremergen (medulla renalis) innanfor omgjev eit holrom kalla nyresinus (sinus renalis). I nyreborken ligg filtreringsapparatet til nyrene. Nyremergen, som er delt i 7–11, mest vanleg 8 kjegleforma vevsdelar, består av samlerøyr som leier urinen ut i nyrebekkenet. Det sit på den konkave delen av nyra, der ein også finn nyrearterien og nyrevenen. På denne staden er det også mykje laust feittvev.
Sjølve filtreringa skjer i medulla, nyrepyramidane, som inneheld rundt éin million blodrensande einingar kalla nefronar. Kvart døgn går det rundt 1 200 liter blod gjennom menneskenyrene. Viss nyrene sluttar å verka, vil avfallsstoffa samla seg opp og føra til urinforgifting.
Kjelder
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.