Blod er ei væske som sirkulerer i blodårene til dyr og menneske. Det er sett saman av blodplasma og blodlekamar. Blodet fraktar oksygen og næringsstoff til cellene og avfallsstoff vekk. Det blir pumpa rundt i kroppen av hjartet.
Menneske kan ha ulike blodtypar. Desse blir klassifisert i ulike system, som ABO-systemet og Rh-systemet.
Det finst tre hovudtypar av blodlekamar:
Raude blodlekamar (transporterer oksygen frå lungene til cellene rundt omkring i kroppen)
Kvite blodlekamar
Blodplater (stansar blødningar)
Blod som mat
Dyreblod vert brukt som i ulike matrettar, mellom anna blodpudding og blodpølse. Medan blodet til slike rettar helst kjem frå slakta dyr, finst det også døme på at ein tappar blod frå levande dyr og drikk det, som blant dei kveghaldande masaiane. I religionar som islam og jødedommen er det tabu å eta mat som inneheld blod. I desse er det viktig å tappa ut alt blodet når ein slaktar.
Kjelder
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.