Byen har status som eit eige rajon (distrikt) i oblastet og er ei viktig elvehamn langs Dnepr og Kakhovkareservoaret. Her vert Tavriaspela halde, ein årleg internasjonal musikkfestival.
Nova Kakhovka vart grunnlagd 28. februar 1952 der landsbyen Kljutsjeve hadde lege sidan 1891. Byen vart bygd for å huse arbeidarane som bygde Kakhovka vasskraftverk (1947–1948). Byen vart kalla Nova Kakhovka eller Ny-Kakhova for å skilje han frå byen Kakhovka som ligg 15 km unna. Etter at kraftverket stod ferdig vart dei fleste arbeidarane verande.