Kakhovka (ukrainsk Каховка, russisk Кахо́вка) er ein hamneby ved Dnepr i Kherson oblast (provins) sør i Ukraina. Han er det administrative senteret i Kakhovsky rajon (distrikt), medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Byen har kring 35 000 innbyggjarar (2012).
I 1492 vart det bygd ei festning nær dagens Khakova, medan sjølve byen vart grunnlagd i 1791 av den russiske obersten D.M. Kulikovskyj.
Kjelder