Nordkjosbotn kyrkje er ei langkyrkje frå 1987 i Nordkjosbotn i Balsfjord kommune i Troms. Kyrkja har 260 sitjeplassar.
Grunnsteinen vart lagd ned av ordførar Olav Åsheim i 1986. Til stades var biskop Arvid Nergård samt Per Oskar Kjølaas, som fleire år seinare òg skulle bli biskop. 21. juni 1987 vart kyrkja innvigd.
Kyrkja fekk nytt orgel i 2005. Dette var eit brukt orgel frå Tyskland som vart flytta til Nordkjosbotn.
Kjelder
Bakgrunnsstoff