Mestervik kapell eller Meistervik kapell er ei langkyrkje frå 1968 på Mestervik i Malangen i Balsfjord kommune i Troms. Kapellet er i tre og har 100 sitjeplassar.
Bygget var opphaveleg skule, men vart i 1967 bygd om til kapell etter teikningar av arkitekt Harry Gangvik, som m.a. har teikna Målselv kyrkje. Kapellet vart vigsla av biskop Monrad Norderval 3. mars 1968.