Byen Luoyang vart frå Xiangnu i nord overfallen av ein hær i 316 og øydelagt. Heile Kina nord for Chang Jiang vart erobra av nomadehærar, men Jin-fyrstane samla seg i Nanjing og makta vinne tilbake Chang Jiang-dalen. Kina var då todelt, framande folk herska i nord, medan det kinesiske keisarriket i sør vart splitta opp og vert verande delt i nærare tre hundreår.
Mellom nomadefyrstane som hadde lagt under seg Nordkina kom det stadig vekk til interne rivningar. I alt danna det seg 16 kongedømme. Etter sytti år, i året 386, klarte ei gruppe, tuobaene, å få makta over heile området og danna då det nordlege Wei-dynastiet. Tuobaene tok i bruk den kinesiske administrative strukturen og tileigna seg elles temmeleg raskt den kinesiske kulturen og smelta såleis saman med den kinesiske folkegruppa.
Nomadefolka sitt herredømme i nord opna på ny dei gamle handelsvegane mot vest (Silkevegen), og via Turkestan breidde buddhismen seg inn i det nordlege Kina.
Medan Nord-Kina var samla, avløyste seks kortliva dynasti kvarande i Sørkina. Trass i den labile politiske stoda utvikla den kinesiske kulturen seg vidare også i sør. Særleg regjeringstida, 502-549, til Liang-dynasti-keisaren Liang Wu Di var ei fredstid der buddhismen breidde seg og kunstlivet blomstra; inntil general Hou Jing gjorde opprør og erobra hovedstaden og let keisaren svelte ihel.
I 589 erobra Sui-dynastiet det siste sørlege dynastiet, Chen-dynastiet, og avslutta tidebolken med sørlege og nordlege dynasti.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.