Nollbreen er ein isbre, nesten 37 km lang, som flyt nordaust frå Jones Nunatak sentralt i Wilson Hills. Isbreen snur nordvest ved Wegert Bluff og ut i den nedre delen av Tomilinbreen før denne munnar ut i sjøen. Han vart kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy i 1960-64. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter major Edmund P. Noll i United States Marine Corps (USMC), som var frakteoffiser og flykaptein på LC-130-fylet i U.S. Navy-skvadron VX-6 under Operasjon Deep Freeze 1968.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Noll Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).