På Kolvereid arbeidde han som prest og bonde. Han var ordførar i Kolvereid kommune 1914-1919, og representerte då partiet Venstre. Han vart forkjempar for eit nytt landbrukspolitisk program, men dette fekk ikkje så stor oppslutnad innan Venstre. Trædal vart medstiftar av Landmandsforbundet i 1920, forløparen til Bondepartiet og Senterpartiet.
Innan Bondepartiet fekk han viktige roller som stortingspolitikar, statsråd, leiar og parlamentarisk leiar. Som nestformann i Bondepartiet var han ein hovudaktør i utforminga og gjennomføringa av kriseforliket med Arbeidarpartiet i 1935.
Nils Trædal sat på Stortinget for Møre og Romsdal 1934-1936, og for Sør-Trøndelag 1945-1949.
Trædal døydde under mystiske omstende den 12. oktober 1948. Han fall ut frå tredje etasje i heimen sin i Oslo og omkom. Det verserte lenge rykte om han var myrda, men Johan J. Jakobsen gir i biografien over Trædal godt belegg for at dette berre var ei tragisk ulykke.
Ei minnebyste er plassert mellom kyrkja og kyrkjegarden på Kolvereid i Nærøy kommune. Minnesmerket vart avduka den 14. august2005.
Biografi
Johan J. Jakobsen (2005): Makten og æren. Biografien om Nils Trædal. Oslo:Gyldendal