Network Norway
![]() Network Norway var eit norsk mobiltelefoniselskap som åtte 50 % av den norske mobilnettoperatøren Mobile Norway. Network Norway vart starta i 2005 med Ingvild Myhre som administrerande direktør, og Tommy Norum som dekningssjef.[1] Selskapet voks blant anna gjennom oppkjøp av mobilselskapa One Call og MyCall. I 2009 vart Myhre etterfølgd av Arild Hustad.[2] I 2013 vart selskapet slått saman med Tele2 Noreg. Administrerande direktør i det underlagde Network Norway vart Hanne Løvstad, som før 2013 var leiar for det Network Norway-åtte mobilselskapet Lebara. I 2014 vart Network Norway/Tele2 kjøpt opp av svensk-finske TeliaSonera, eigaren av NetCom. Privatabonnement til Tele2, OneCall og MyCall (tidlegare Lebara) skifta samstundes frå Telenor-dekning til NetCom-dekning. I mars 2015 vart Network Norway kjøpt opp av Ice.[3] Mobile NorwayDen andre halvdelen av Mobile Norway eig svenske Tele2. I 2006 fekk Mobile Norway den tredje lisensen i Noreg til å driva eit GSM-mobilnett ved sida av Telenor og NetCom. Mobile Norway starta utbygginga av sit GSM-900 nettverk i 2007, og planla etter kvart å dekka heile landet. I 2008 fekk det òg ein UMTS-lisens. Kjelder
Bakgrunnsstoff |