Faust vart skipa i 1971 på landsbygda i Wümme. Dei sikra seg platekontrakt med Polydor og spelte raskt inn debutplata si, Faust, som selde dårleg, men fekk god omtale i musikkpressa på grunn av nyskapingane og skapte ein trufast fanskare. Meifert fekk sparken kort tid etter for å vere for streit.[9]
I 1972 spelte bandet inn det andre albumet, som var noko meir tilgjeneleg, So Far. Faust vart eit av dei fremste banda internasjonalt i det som kom til å bli kjend som krautrock.[10]
Faust var ein av dei første artistane som signerte kontrakt hos Richard Branson sitt Virgin Records, som sette i gang ein noko vågal marknadsføringskampanje for den tida, med føremål å introdusere Faust for britiske platekjøparar. The Faust Tapes var eit klipp-og-lim-album, sett saman av mange bitar frå den omfattande samlinga deira av private innspelingar, som ikkje opphavleg var meint for utgjeving. Virgin gav det ut til prisen for ein singel på den tida, 48 pence. The Faust Tapes selde visstnok over 100 000 eksemplar, men på grunn av den låge prisen vart det ekskludert frå albumlista.[10]
Etter eit samarbeid med Tony Conrad på albumet Outside the Dream Syndicate, spelte Faust inn Faust IV i studioet til Virgin i England. Bandet vart oppløyst i 1975 etter at Virgin avviste det femte albumet deira, men nyutgjevingar av platene deira og ymse ekstra materiale gjennom Chris Cutler sitt Recommended Records opprettheldt ei viss interesse i bandet.
Etter 1975
Etter Faust vart oppløyst er det ukjend kva gruppa heldt på med. Utgjevingane på Recommended Records omtalte «forsvinninga» til gruppa. På den offisielle nettsida deira er det oppført tre konsertar i 1980-åra, og albumet Patchwork, som er ei samling unytta opptak med tre klipp spelte inn i 1980-åra, men utanom dette er det uklårt kva gruppa gjorde mellom 1975 og 1990.
I 1990 og 1992 kom medlemmane Irmler, Diermaier og Péron saman for nokre konsertar.[10] I 1994 turnerte Faust i USA for første gongen, og Péron og Diermaier hadde med seg Steven Wray Lobdell og medlemmar av Sonic Youth som oppvarmingsband. Irmler deltok ikkje på turneen i 1994, men tok ei meir aktiv rolle etter dette og produserte platene til gruppa og gav dei ut på selskapet sitt Klangbad. Han sette òg saman remiksalbumet Patchwork i 2002. Den kroniske alkoholismen til Sosna enda ei kort sameining av Faust «etter fire eller fem slitsame dagar»,[11] og han døydde 10. november 1996.[12] Gunter Wüsthoff har ikkje teke del i nokre av sameiningane. Dei har halde fram å spele i forskjellige kombinasjonar og med forskjellige ekstra musikarar etter den tid, alltid med Diermaier bak trommene.