The Faust Tapes er det tredje studioalbumet til den tyske krautrockgruppaFaust, utgjeve in 1973. Albumet selde godt i Storbritannia, kring 60 000 eksemplar,[2] hovudsakleg på grunn av eit marknadsføringstriks av Virgin Records, som sette prisen ned til prisen av ein singel.[1] Dette eksponerte plata for eit britisk publikum, men hindra at albumet fekk gå inn på albumlista.
The Faust Tapes består av segment av songar vove inn i kvarandre i delar spreidd ut over dei to LP-sidene.[1][3]
Bakgrunn
Det førre selskapet til Faust var Polydor Tyskland, og då dei klaga over at det andre albumet til Faust, Faust So Far (1972), ikkje var kommersielt nok, signerte produsenten til gruppa, Uwe Nettelbeck, ein kontrakt med Virgin Records i London i staden. Ein del av avtalen mellom Nettelbeck og Virgin var at han skulle gje Virgin lydbanda han hadde med musikk Faust hadde arbeidd på sidan So Far «heilt gratis», og at Virgin skulle gje ut ei plate med så låg pris som mogeleg. Resultatet var The Faust Tapes, eit heilt album, som vart selt til 49 pence.[4]
Ettermæle
I 1998 sette The Wire albumet The Faust Tapes på lista si kalla «Hundre plater som sette verda i brann (medan ingen høyrde etter)».[5]