Mountaineer Range er ei fjellkjede som ligg mellom Mariner- og Aviatorbreen i Victoria Land i Antarktis. Sjøsida av fjellkjeda vart oppdaga av Ross i 1841, og sidan sett av fleire britiske og amerikanske ekspedisjonar. Ho vart klartlagd frå U.S. Navy flyfotografi og landmålingar av New Zealand og amerikanske grupper i 1950- og 1960-åra. Ho vart namngjeven av New Zealand Geological Survey Antarctic Expedition (NZGSAE), 1958–59, med tanke på bakgrunnen som fjellklatrarar for mange av medlemmane i desse gruppene.[1]
Det høgaste fjellet er Mount Murchison på 3500 moh, som er eit sklije mellom Fitzgerald- og Wyldebreen. Det vart oppdaga i januar 1841 av Ross som namngav det etter sir Roderick Impey Murchison, då generalsekretær i British Science Association.[2]
Fjell
Kjelder