Fitzgeraldbreen er ein markant dalbre som flyt til Lady Newnes Bay frå isfalla i sør- og vestsida av Mount Murchison i Victoria Land i Antarktis. Ved munningen flyt han saman med Icebreakerbreen før dei munnar ut i Lady Newnes Bay. Han vart utforska av geolog-gruppa frå New Zealand i 1958–59, og vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee etter E.B. Fitzgerald, nestleiar for ekspedisjonen.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Fitzgeraldbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).