Mount Roots er eit hovudsakleg snødekt fjell på Sør-Georgia, som ligg nær toppen av Nordenskjöldbreen, 6 km søraust for Mount Paget. Det vestlege fjellet har ei høgd på 2158 moh, og den austlege 2270 moh. Fjellet, som er det femte høgaste på øya, er eit markant landemerke og var truleg kjend for dei første sel- og kvalfangarane som kom til Sør-Georgia.
Det vart grovt kartlagd i perioden 1925-30 av mannskap på Discovery Investigations, og kartlagd på ny av South Georgia Survey (SGS), 1951-52. Det vart namngjeve av UK-APC etter James W. Roots frå SGS, 1951-52.
Britane Will Manners og Stuart MacDonald vart dei første som nådde toppen av fjellet, i januar 2001.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Roots» (innhald frå Geographic Names Information System).