Mount Liszt er eit snødekt fjell, kring 600 moh, med ein bratt skrent på søraustsida, som ligg 5 nautiske mil (9 km) nordaust for Mount Grieg på Beethoven Peninsula, sørvest på Aleksanderøya i Antarktis. Fleire fjell i nærleiken dukka først opp på kart av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947-48. Dette fjellet vart kartlagd frå flyfoto tekne under RARE av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Franz Liszt (1811–86), ein ungarsk komponist.
Sjå òg
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Liszt» (innhald frå Geographic Names Information System).