Mount Kirkby er eit særs stort og markant fjell med flat topp nord i Porthos Range i Prince Charles Mountains i Antarktis. Det ligg kring 5 km aust for Crohn Massif, og er kring 9 km langt frå aust til vest og 4 km breitt ved vestenden. Det har ei høgd på 2100 moh (460 meter over platået). Det vart først vitja av den sørlege gruppa til ANARE leia av William G. Bewsher i desember 1956. Det vart namngjeve av ANCA etter Sydney L. Kirkby, som var landmålar ved Mawson-stasjonen i 1956 og 1960.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Kirkby» (innhald frå Geographic Names Information System).