Mount Gilbert er eit fjell, 1420 moh, ved skiljet mellom Airybreen og Sellerbreen, 8 km nordvest for Mount Castro vest og sentralt på Den antarktiske halvøya.
Det vart fotografert frå lufta av British Graham Land Expedition i februar 1937, og Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i november 1947. Det vart kartlagd frå bakken av Falkland Islands Dependencies Survey i desember 1958, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter William Gilbert, ein engelsk fysikar som med det banebrytande verket De magnete, magneticisque corporibus (1600) la grunnlaget for forståinga av jordmagnetisme og kompasset.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gilbert, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).