Mount Flower er eit fjell med to toppar, det høgaste på 1465 moh, som står 6,5 nautiske mil innover frå Carse Point og George VI Sound, på vestkysten av Palmer Land i Antarktis. Fjellet ligg delvis innanfor området som først vart fotografert frå lufta den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth, og nordenden av det vart kartlagd frå bileta av W.L.G. Joerg. Det vart først kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) under Rymill, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1954 etter Geoffrey C. Flower, ein landmålar i Royal Geographical Society, 1933–40, som hjelpte til med organiseringa av BGLE, 1934–37.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Flower, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).