Mount Cole er eit fjell over 1400 moh, på vestsida av Shackletonbreen, mellom munningen av Formanbreen og Gerasimoubreen i Dronning Maudfjella. Det vart oppdaga og fotografert av U.S. Navy Operasjon Highjump, 1946–47, og vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter Nelson R. Cole, ein flymaskinist i U.S. Navy-skvadron VX-6, som mista livet i ein helikopterstyrt i McMurdo Sound-området i juli 1957.
Kjelder