Mount Birks er eit kjenneleg, pyramideforma fjell, 1035 moh, ved nordsida av munningen av Cranebreen, på austkysten av Graham Land. I 1928 gav sir Hubert Wilkins namnet Mount Napier Birks, etter Napier Birks frå Adelaide i Australia, til to svarte fjelltoppar han observert og fotograferte frå lufta og som låg like nord for Crane Channel. Denne kysten vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1947, men dei fann ikkje att det Wilkins kalla Mount Napier Birks. Sidan Crane Channel vart identifisert som Cranebreen, tilrådde United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1950 at namnet skulle kortast ned til Mount Birks, og overførast til dette fjellet som ligg like nord for isbreen.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Birks» (innhald frå Geographic Names Information System).