Mont Gaston de Gerlache er det sørlegaste fjellmassivet i Dronning Fabiolafjella i Antarktis. Det er 2400 moh. Det vart oppdaga den 7. oktober 1960 av Belgica-ekspedisjonen, 1960, under Guido Derom, og vart namngjeve av Derom etter Gaston de Gerlache de Gomery, son av Adrien de Gerlache de Gomery (leiaren for Belgica-ekspedisjonen, 1897–99). Gaston leia Belgica-ekspedisjonen, 1957–58, som gjekk i land på Prinsesse Ragnhild Kyst og bygde Roi Baudouin-stasjonen for å utføre det vitskaplege programmet under Det internasjonale geofysiske året.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gaston de Gerlache, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).