Mitchell Nunatak er ein sentral nunatak i ei gruppe av tre nunatakar nord i Manning Nunataks. Manning Nunataks vart fotografert av U.S. Navy Operasjon Highjump (1946–47) og av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) (1957). Dei vart vitja av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen i 1965 og av gruppa frå ANARE som vitja Prince Charles Mountains i 1969. Han vart namngjeven av Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA) etter R. Mitchell, ein dieselmekanikar ved Mawson-stasjonen i 1969.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mitchell Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).