Miniatyrilluminasjon frå Florian-psalteriumet frå 1400-talet.
Miniatyr eller miniatyrmåleri viser til ulike typar måleri i lite format. Ordet kjem frå latin minium , namnet på ein raudfarge som på norsk heiter mønje . Ein som måla bilete i handskrifter med mellom anna mønje blei kalla miniator . Saman med ordet minimum , 'minst' blei alle slike små utsmykningar og etterkvart alle typar små måleri kjende som miniatyrar.
Miniatyrmåleri er kjend frå det gamle Egypt , Hellas og Romarriket . I det kristne Vest-Europa byrja ein illuminera initialar , store bokstavar først i ein tekst, med ulik ornamentikk . Ein pynta mellom anna evangelium , som Book of Kells eller Lindisfarne-evangeliet , tidebøker og psalterium med miniatyrmåleri. I europeisk seinmellomalder blei portrettminiatyr ei utbreidd miniatyrform, med Jean Clouet , Hans Holbein den yngre og Samuel Cooper som viktige utøvarar. Portrettminiatyret hadde ei stordomstid på 1700-talet, då minibilete blei måla til medaljongar , kapslar og liknande, ofte på elfenbein .
Persisk miniatyrmåleri oppstod rundt 1200-talet etter møte med kinesisk kunst . Det fann si klassiske utforming på 1400- og 1500-talet ved kultursentera Herat , Tabriz og Shiraz , og kan vera laga som bokillustrasjonar eller blad som er samla i album (muraqqa ). Mogulriket i India og Det osmanske riket med senter i Tyrkia vidareutvikla kunstforma til mogulminiatyr og osmansk miniatyr . Miniatyrar blei brukte til å illustrera soger, historieverk og dikt, som Den iranske kongeboka , Baburnama og Fugleforsamlinga . I India fanst allereie lokale miniatyrtradisjonar med måleri på palmeblad og i djainmanuskript . Mogul- og lokal kunst blanda seg til ulike kunstnarskular for miniatyrmåleri, som rajasthani - eller radsjputmåleri ,
Palekh-miniatyrar er kjende frå russisk folkekunst, og oppstod på 1900-talet.
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff