I mønje finst det bly med to ulike oksidasjonstal: +II og +IV, og formelen for mønje kan skrivast som Pb(IV)O2•2Pb(II)O. Denne samansetjinga er stadfesta av den krystallinske strukturen til stoffet, og av at mønje reagerer kjemisk som ei blanding av Pb(IV)O2 og 2Pb(II)O. T.d. er mønje oksiderande nok til å oksidera i svært sur væske Mn2+-ion til permanganat-ion, MnO4-.
Fram til mellomalderen blei mønje (minium) brukt i illuminerte bøker, og har gjeve namn til miniatyrmåleri, ein bilettype som først blei måla med mønje.
Mønje er svært giftig, som dei fleste blysamband. Difor har ein brukt stoffet som botnmåling på skip for å hindra alge- og rurvekst på kjølen. Dette har medført at mange hamnebasseng er ureina med tungmetallet bly, til dømes Oslo hamn, som har restar av botnstoff brukt ved m.a. Akers mekaniske verksted.