Utsyn sørover over Millennium Bridge og Tate Modern .
Utsyn over brua nordover, mot St Paul's Cathedral .
Millennium Bridge i London (iblant kalla Millennium Footbridge ) er ei gangbru over Themsen i London mellom Bankside og City of London . Den sørlege enden av brua ligg nær Globe Theatre , Bankside Gallery og Tate Modern , medan nordenden ligg ved St. Pauls katedral .
Brua blei opna den 10. juni 2000 som Londons den første nye brua over Themsen sidan Tower Bridge i 1894 .
Brua er 325 meter lang og blei uforma av Ove Arup og Foster Associates etter eit konsept av Anthony Caro . Legatet Bridge House Estates og Millennium Commission finansierte bygginga, medan London Borough of Southwark leia prosjektet.
Oppover Themsen er den neste brua Blackfriars Railway Bridge , mens den neste nedover er Southwark Bridge .
Kjelder
[www.citybridgetrust.org.uk/NR/rdonlyres/8FAD45F2-70BC-429D-AB8C-9CCA85158173/0/BHEAnnualReportFINAL.pdf Bridge House Estates - the trustee’s annual report and financial statements for the year ended 31 march 2012] (PDF)
Millennium Bridge ved BBC.co.uk
Bakgrunnsstoff