Mento byggjer på musikalske tradisjonar førte til Jamaica av vestafrikanske slavar.[1] Dei tok også til seg europeiske musikalske tradisjonar. Slavar som kunne spela instrument måtte ofte spela for eigarane sine, og kunne få god belønning for evnene sine.[1] Musikken dei laga blei ei kreolform med element frå dei ulike tradisjonane, som kvadrilje, ei europeisk musikkform som fekk ei ny form i Karibia.[1][2]
På 1920-talet spelte fleire karibiske jazzmusikarar inn mentolåtar, og på 1930- og 1940-talet blei mentoduoen Slim & Sam, som spelte rundt om i Kingston, kjende. Stilen blei populær på slutten av 1940-talet, og mento blei vanleg å framføra på dansar, festar og andre tilstellingar på Jamaica.[2]
Tidleg på 1950-talet blei det gjort skikkelege mentoinspelingar på 78-plater, og denne tida er rekna som ein gullalder for musikkstilen, både i omfang, kreativitet og popularitet. Dette var også byrjinga på den jamaicanske plateindustrien.
Mento har mange fellestrekk med calypso, og dei to sjangrane er ofte blitt blanda. Mento er også blitt kalla calypso, kalypso og mento calypso.[1] Mentosongarar kan også framføra calypsosongar og brukt calypsoteknikkar. Vidare har dei to sjangrane liknande emne, som daglegdagse emne med ein humoristisk snert, samstundes som dei også kan kommentera samfunnsproblem.[1]
rumba box eller marímbula, eit stort tommelpiano av tre. Dette instrumentet driv bassrytmen i musikken.
Tekst
Tekstane til mentosongar tek ofte opp emne knytt til dagleglivet på ein lett eller humoristisk måte. Dei kan til dømes ta opp fattigdom, dårlege hus eller parforhold. Tynt skjulte seksuelle referansar og innuendo er også vanleg.
I nokre av motiva og temaa sine kan mento reknast som ein føregjengar for moderne dancehallmusikk.
Seinare utvikling
Mento påverka dei seinare sjangerane ska og reggae, som på 1960-talet overskugge opphavet. Sjangeren blir likevel framleis spelt på Jamaica, særleg i turistområde. Det er også blitt laga nye versjonar av gamle mentolåter, som dancehall-artisten Elephant Man sin «Hill and Gully».
Reggae-historikaren Lloyd Bradley har sagt at Lee «Scratch» Perry sitt kjende dubalbum frå 1976, Super Ape, inneheldt noko av den reinaste mentopåverknaden han visste om.[4] Stilen blei teken opp igjen av gruppa Jolly Boys seint på 1980-talet og tidleg på 1990-talet med fire album på First Warning Records/Rykodisc, og ein turné til mellom anna USA.[2]Stanley Beckford og Gilzene and the Blue Light Mento Band tok også opp att landsby-mento i 2000-åra.
Døme på gammal mento på CD
Boogu Yagga Gal - Jamaican Mento 1950s (Heritage, 2001)
Neely, Daniel (2001). "Long Time Gal! Mento is Back!". The Beat, December 2001, vol. 20, no. 6: 38-42. Available in pdf formatArkivert 2008-09-07 ved Wayback Machine. at New York University homepages.
Neely, Daniel (2007). "Calling All Singers, Musicians and Speechmakers : Mento Aesthetics and Jamaica’s Early Recording Industry." Caribbean Quarterly, Vol. 53, No. 4. (December 2007), pp. 1–15.
Barrow, Steve; Dalton, Peter (August 2004) [1997]. «The Beginnings: Mento to Ska». The Rough Guide to Reggae (Third utg.). Strand, London, England: Rough Guides, Ltd. ISBN1-84353-329-4.
Jamaica - In Calypso: A World Music, a site created by Historical Museum of Southern Florida about calypso and mento
Jamaican Mento Music - site created by Michael Garnice (comprehensive information on the history and the musicians who made the music)
Ivan Chin - Mento music's pages on mento pioneer Ivan Chin. The Mento dance is a jamican folk form dance with the instruments acoustic guitar, banjo, hand drums and the rhumba box