Sandra Bullock, Bill Pullman, Peter Gallagher, Peter Boyle, Glynis Johns, Jack Warden, Micole Mercurio, Michael Rispoli, Monica Keena, Ally Walker, Margaret Travolta, Rick Worthy, Jason Bernard, Mike Bacarella
Sandra Bullock spelar Lucy, ein grå og einsam arbeidar ved undergrunnen i Chicago. Ho har eit godt auge til pendlaren Peter Callaghan (Peter Gallagher), og reddar han frå jarnbanesporet etter at han er blitt dytta medvitslaus der av ein ranar på første juledag. Lucy følgjer med til sjukehuset der ein sjukepleiar høyrer henne seia at «eg skulle gifta meg med han». Sjukepleieren trur dei to er trulova, og fortel dette til Peter sin familie. I kaoset som oppstår får ikkje Lucy seg til å forklara sanninga. Seinare tilstår ho kva som har skjedd til Peter, som framleis er i koma. Ho blir overhøyrd av Saul (Jack Warden), gudfaren til Peter, som konfronterer henne, men går med på å halda på løyndommen.
I mellomtida har Lucy blitt kjend med Jack (Bill Pullman), bror til Peter, og dei er blitt forelska. Då Peter vaknar etter nyttår kjenner han ikkje att Lucy, og alle trur han har mista minnet. Saul føreslår at han skal be Lucy om å gifta seg med han oppatt. Ho seier ja, sjølv om ho eigentleg elskar Jack. Då Jack vitjar henne dagen før bryllaupet ber Lucy han om ein grunn til at ho ikkje skal gifta seg med Peter, men han gjev henne ingen.
På sjølv bryllaupsdagen stoppar Lucy seremonien og fortel sanninga til heile familien. Så kjem også den eigentlege trulova til Peter, Ashley Bartlett Bacon (Ally Walker), for å stoppa bryllaupet. Lucy trekk seg ut medan familien kranglar.
Ei tid seinare kjem Jack til Lucy medan ho er på jobb. Han legg ein trulovingsring i billettluka hennar og frir til henne medan heile familien ser på. Filmen sluttar med at dei kysser kvarandre etter å ha blitt gift og tek undergrunnsbanen for å dra på bryllaupsreise. Lucy fortel over avsluttinga at då Peter spurde henne kva tid ho blei forelska i Jack, svarte ho at det var «mens du sov».